Friday, November 03, 2006

Siste dagen, no, før Arne e tilbake. Vi har nytta på og brukt det flotte kontoret flittig i det siste, og vi har ete opp snopet vi har funne.

Ellers er det fleire med oss som er spente på kva desse tre snart heimvendte Afrikafararane har med seg tilbake i form av souvenirar, gode historiar frå misjonsmarka og motivasjon til vidare arbeid med russens misjonsprosjekt. Dei kjem snart :)
Vi to miljøarbeidarar som har vore att på Framnes desse vekene medan miljøleiaren har vore borte, har prøvd å tenke litt "kva ville Arne gjort?" i dei ulike situasjonane som har dukka opp. Det har gått veldig fint, men det blir kjekt å få han tilbake:) Velkommen heim att, både Arne, Joacim og Marta!

Ellers vil vi ønskje GOD HELG til alle saman!

Husk Framnesbasaren på lørdag kl 17.00, mange kjekke gevinstar og mykje moro for gamblarar.

Etter basaren (frå klokka 21.00) blir det fyr i peisen og bollar og kakao i peisestova.

No comments: