Monday, September 25, 2006

Og så var helga over......
Mandagen kjem alltid snikande etter helga; synd, men sant... Med regn og greier. Vel, vel! Det har no skjedd litt av kvart de siste dagane. Begynte med fredagsfilmen Stolthet og fordom, litt vel jentete vil nåkken sei, men variasjon e jo vel og bra! Vaflene blei som alltid ein suksess, men grunna beskjedenheten som framnesungdommen e kjent for, var det masse røre til overs. Lørdagen var heller rolig her på tunet sia både englands- og tysklandsfararane hadde dratt, men kanskje mest pga bøssebæringsaksjonen som russen arrangerte i Bergen. Alle som var med der gjorde ein kjempeinnsats!
Lørdagskvelden var det gospelnight i nyoppussa bedehuskjellar i Øystese og playstation og singstar i auditoriet, og sist, men ikkje minst kaker.
Søndag, óg ein heller rolig dag fram til avspark, stille før stormen kan ein vel trygt sei. Kampen seier vi ikkje meir om, men etterpå var det samling i peisestova men kake og is før Arne runda av helga med eit lite ord for dagen/kvelden.

Det har vert behagelig rolig i matsalen sia fredag, kampen om nugattien har ikkje vert lika brutal som elles, køen foran brødristarane gjekk fortare, og mikroen har fått kjørt lettare intervall med lengre pausar. Den gode praten har summa utan at ein har måtta heva stemma for å bli hørt over bordet og ein har kunna paktisert balansekunst i fred og ro.

Når dåkke slepe dåkke opp bakken til internatet denne veka skal dåkke få lov å tenke på at det nærmar seg ferie.
Ikkje mange dagar igjen, så opp med haka og blikket fram folkens!

3 comments:

Ingebjørg said...

Hihi, den kunsten var det torbjørn som strevde på med.... må innrømma at me tvilte på han men....

Anne Severine said...

Så utrulig kult bilde:P Skal tru ken so ha tatt d?? hmmm...;) Ha en fin haustferie alle sammen!!

Miljø said...

ja takk for bildet anne! ;)